ordmor på jorda : huset under Blåhammaren : roman
0.0
( 0 )
Nynorsk
Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni ...
På lager i 0 butikker.
Forlagsbeskrivelse af ordmor på jorda : huset under Blåhammaren : roman af Edvard Hoem
Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år.
Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera.
Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men o.g ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.
Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.
Romanen bygger på "Jordmor på jorda" (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen "Jordmor på jorda : huset under Blåhammaren" (2018), er kraftig revidert og utvida.
Detaljer
Forlag
Forlaget Oktober
Udgave
0
ISBN
9788249520640
Sprog
Nynorsk
Sider
349
Udgivelsesdato
22-05-2019
Format
Paperback
Varenr.
3012488
EAN nr.
9788249520640
Varegruppe
Svensk norsk