Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken
0.0
( 0 )
Norsk bokmål
Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lær...
På lager i 0 butikker.
Forlagsbeskrivelse af Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken af Kjetil Børhaug
Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Denne boka er meint som eit bidrag i denne utviklinga av samfunnsfagsdidaktikken. Ho tematiserer korleis faget vert formidla til elevane i grunnskulen og vidaregåande skule.
Boka inneheld empiriske analysar, forskingsoppsummeringar, problematiseringar og teoriutviklande kapittel, og ho er disponert i fire delar. Den fyrste tar opp tema som gjeld samfunnsfaget samla, på tvers av fagleg innhald. Dei tre neste delane er bidrag knytt til ulike kjerneelement i faget, demokratiforståing og deltaking, berekraftige samfunn, identitetsutvikling og fellesskap. Det er også eit kapittel om utforsking, og kritisk tenking er teke opp i fleire av bidraga.
Boka er tenkt for vidarekomne i samfunnsfagdidaktikken, det vil seia for lærarutdannarar og fagdidaktiske forskarar, så vel som for masterstudentar og bachelorstudentar som skal fordjupa seg i samfunnsfagsdidaktikk. Boka er eit utgangspunkt for fagdidaktiske vurderingar i praksis, utviklingsprosjekt, forsking og i studentarbeid.
Detaljer
Forlag
Fagbokforlaget
Udgave
1
ISBN
9788245037913
Sprog
Norsk bokmål
Udgivelsesdato
20-04-2022
Format
Hæftet
Varenr.
3013903
EAN nr.
9788245037913
Varegruppe
Svensk norsk